Ny storm i vassglas?

Nok eit rykte om uro i spelargruppa.

Marca kunne i dag melde om ein open «krig» mellom Sergio Ramos og José Mourinho, etter fleire situasjonar dei seiste vikene. Det verserer rykte i fleire mediar om at det heile skal ha starta med Mourinhos val om å bruke Varane framfor Ramos i kampen mot Manchester City i Champions League. Dette blei påstått var eit resultat av Ramos’ utsegn etter tapet mot Sevilla føregåande serierunde. Hovudpersonen sjølv hadde denne kommentaren til pressa etter seriekampen mot Rayo førre måndag:

- Eg veit ikkje om eg blei droppa som straff eller av taktiske årsaker, det er ikkje opp til meg å avgjere, eg løyser slike problem bak lukka dører.

Mourinho på si side uttalde etter kampen mot City at Ramos vart droppa av utelukkande taktiske årsaker. I tillegg presiserte han at det ikkje er nokre disiplinære problem med Ramos i det heile teke.

Runde to.

Ein skulle tru at det var mogleg å stoppe rykteflaumen der, men som nemnd rapporterte Marca i dag om ein påstått krig mellom Ramos og Mourinho, som igjen skal ha blussa opp igjen i førre serierunde mot Deportivo la Coruña. Grunnen til dette skal ha vore, i følgje Marca, at Ramos «utfordra» Mourinhos avgjersle om å ta av Mesut Özil i pausen. Mourinho, som utelet den tyske playmakeren frå start både mot City og Rayo, blei fanga på kamera medan han gjorde gestar mot Özil som tilsa at han ikkje var nøgd med spelet hans, før han tok han ut i pausen, til fordel for Kaká. Ramos skal på grunn av dette ikledd seg Özil si drakt under si eiga, for å heidre lagkameraten dersom han scora i andre omgang.

Alle partar avkreftar.

Marca har vald å tolke det dit hen at denne handlinga er ein form for protest til at Mesut vart bytta ut, men både Ramos og Mourinho avkrefta dette i går. «Cuqui» forklarte det heile med at Özil er ein veldig god ven av han, og han har før sesongstart lovt å dedisere sitt første mål denne sesongen til han. I og med at Mesut vart bytta ut i pausen, ville han utnytte moglegheita til å spela med Özils drakt under si eiga, slik at han dersom han scora kunne nytte høvet til å hylle nummer 10. Han ville også understreke at han ikkje hadde nokon baktankar retta mot Mourinhos taktiske val ved å bruke Özils drakt, og legg til:

- Mitt forhold til José Mourinho er godt, ærlig og klart. Eg respekterer avgjerslene hans og han er den beste trenaren eg kunne hatt.

Mourinho er litt meir vag i sin forklaring av situasjonen, men på pressekonferansen tidlegare i dag angåande oppgjeret mot Ajax i Champions League i morgon, avkrefta også han all form for konflikt, men ville ikkje svare på spørsmål om episoden med Özil-drakta.

- Det må du spørje han om (Ramos, journ.anm), ikkje meg. Men han er ein fantastisk spelar, og eg har ingen problem med han, mens han ikkje har nokon problem med meg. Han er ekstremt profesjonell, og eg bekymrar meg ikkje for Ramos/Özil-polemikken.

Angåande sitt personlege forhold til Ramos kom Mou med denne nokså satiriske kommentaren.

- Forholdet til kona mi er betre enn forholdet til Ramos, men slik er det også med Arbeloa og dei andre spelarane. Samtidig er det betre enn til folk eg ikkje kjenner eller ikkje arbeider med.

Fred, forhåpentlegvis.

Alt i alt, basert på Mourinho- og Ramos’ utsegn gjennom heile saka, verkar det som om det heile er eit storm i eit vassglas, og ein hugselapp på at medias, og kanskje spesielt Marcas reportasjar som regel bør takast med ein god neve salt. Det er tross alt andre gong berre i haust det vert blåst opp ein sak om misnøye blant dei kongekvite; vi hugsar vel alle «Tristiano»? Ein nyheitssak over heile verda, som etter min meining kan stoppast og spekulerast i då Ronaldo sjølv har verka relativt glad for å score i dei seiste tre kampane

Til tross for avkreftingane av «krigen» kan det likevel vere verdt og merke seg at Pérez saman med resten av styret har gått ut og sagt at dei ikkje tek parti, og at saken må løysast så fort som råd, då dei skal vere litt bekymra for situasjonen. Eg ville likevel ikkje råde nokon til å bekymre seg alt for mykje om dette, då eg trur det mest sannsynlig kjem fram på ein eller anna måte at saka ikkje var så dramatisk som Marca framstilte den på tysdag.

Kva trur du, er det hold i teoriane om krangel innad i klubben?

Skriven av Aslak Ringhus.

Pmn6