Den skjulte angriparen

Mourinho vurderer tyskaren i ei meir offensiv rolle.

NB! Denne artikkelen er skriven før den heller bedrøvelege oppvisninga mot Betis laurdag kveld.

Real Madrid kanskje har verdas sterkaste angrepsrekke på klubblagsnivå, ein har brei dekning både på topp og på kantane med Higuain, Benzema, Ronaldo, Di Maria og Callejon, samtidig som ein har Özil, Kaká og Modric som alle kan spille sentralt bak Higuain/Benzema på topp. Med dette offensive utvalet skulle ein tru det var bortimot umogleg for ein defensivt orientert spelar å skaffe seg ei offensiv rolle, men etter Champions League-møtet mot Manchester City føregåande onsdag, var det ein spelar som i følgje fleire spanske mediar ha imponert José Mourinho stort. Sami Khedira har tidlegare glimtvis vist seg frå ei offensiv side, i tillegg til å være ein særs habil ballvinnar og midtbanemotor, men mot City oversteig han sine tidlegare offensive bidrag, ein heil kamp sett under eitt. Tyskaren sprang utrøtteleg gjennom heime kampen, og i tillegg til sin vanlege sterke innsats i den ballvinnande rolla, var han særdeles delaktig offensivt, og var kanskje den aller farlegaste spelaren framover på banen i kampen. Han hadde blant anna fire skot mot mål, innafor 16-meteren (!!), noko som må seiast å være særs imponerande for ein defensiv midtbanespelar, ikkje minst på grunn av at han i tillegg var den spelaren som sprang lengst av alle 22 (11,5 km). Dette skal vere tendensar «The Special One» skal ha likt godt, og det rapporterast nå at Mourinho vil nytte den tidlegare Stuttgart-spelaren meir i ein boks-til-boksrolle enn som rein defensiv krigar. Ein av dei opplagde grunnene til dette er nettopp det faktum at Khedira er ein særs lite opplagd angripande kraft, og dermed har eit visst overraskingsmoment knytt til seg når han kjem framover i banen. Sjølvsagt, dersom dette skulle bli ei permanent rolle for, inneber dette ei viss omstilling i treninga for Khedira, og spesielt avslutningane må betrast, i og med at det er dette som er hovudsvakheten til Sami. I alle fall, det er tydeleg, slik tyskaren har spela i haust at han har absolutt potensiale til å bli ein verdsklassespelar i ei slik rolle, berre sjå på dette herlege raidet mot Barcelona tidlegare i haust!

Kva trur du om denne meir offensive tilnærminga for Khedira? Toppscorarpotensiale?

Pmn6