- Eg kjem ikkje til å trene Real Madrid

Joachim Löw avkreftar at han kan ta over Real Madrid.

Til tross for at han har blitt utnemnd som ein favoritt til å ta over trenarjobben på Santiago Bernabéu ved sesongslutt, avkreftar «Jogi» Löw at han er på veg til den spanske hovudstaden i eit intervju med tyske «Sport 1».

- Eg bryr meg ikkje veldig om dei ryktene som knyttar meg til Real Madrid, det er rein spekulasjon. José Mourinho har kontrakt fram til 2016, medan eg har til 2014; ein gong i framtida vil eg kanskje trene eit klubblag att, men ikkje på dette tidspunktet. Eg er utruleg stolt av å være landslagstrenar for det tyske landslaget, og det har brakt med seg mykje glede over dei seiste åra.

Tyskaren har i dag augo retta mot VM i Brasil 2014.

- For meg er det ultimate scenario eit VM-gull med det tyske landslaget før eg forlèt jobben. Og uansett har eg aldri sagt at eg ikkje kan overtalast til å fortsette i jobben etter VM, eg har faktisk aldri diskutert det med nokon, korkje meg sjølv eller andre. Akkurat nå ligg fokuset mitt kunn på kvalifiseringa.

Håpar du å sjå Löw i Madrid etter Mourinho?

Pmn6