Real Madrids problemer

Eit lag ute av form må ta grep.

Real Madrid har ikkje imponert så langt i sesongen, ein er tretten poeng bak Barcelona i La Liga, ein imponerte ikkje stort i Champions Leagues gruppespill og ein tapte seist mot Celta Vigo førre veke i Copa del Rey. Mange spør seg no kvifor dei kongekvite har skuffa så valdsamt innleiingsvis denne sesongen, og ekspertar pekar både på spelemessige og utanomsportslege problem i klubben. Eg vil ikkje sei noko om sistnemnde type problem, då det bare blir spekulasjonar, men eg vil i denne artikkelen ta for meg to store problem ein har, eit defensivt og eit offensivt.

1. Defensiv dødball.

Real Madrid har denne sesongen slept inn skuffande 26 baklengsmål i alle konkurransar, til samanlikning gjekk ein gjennom La Liga i fjor med så få som 31 baklengs gjennom ein heil sesong. Ein viktig kjelde til mange av måla mot, denne sesongen, har vore dødball. Elleve av dei nemnde 26 måla har kome anten frå direkte eller indirekte dødball, fleire av desse tilfella i tillegg har vore direkte årsaker til poengtap, blant anna mot Valencia, Sevilla og Getafe i La Liga. Dersom desse dødballane hadde vorte klarert ut av boksen i staden for å resultere i mål, og kampen hadde stått seg, ville vi eksempelvis hatt fem poeng meir, og blant anna leda på Atletico. Årsaken til at dødballane konverterast til baklengsmål er sjølvsagt fleire, dårlege markeringar, svake duellar eller elendige klareringar kan alle resultere i mål, og det herskar liten tvil om at tendensen med poengtap som følgje av dødballmål mot, må snuast for at vi skal kunne i det heile tatt ha ein sjanse på noko trofé denne sesongen.

Å rette opp dette er nødvendigvis ikkje så veldig vanskeleg i forhold til mange andre aspekt ved spelet, då forsvar mot dødball i stor grad handlar om posisjonering og overblikk. På treningsfeltet er det derfor relativt enkle grep som må gjerast for å oppnå betre resultat i kampsituasjonar. Dersom ein drillar kollektiv posisjoneringstrening på treningsfeltet vil ein etter kvart, med stort sannsyn, oppnå betre resultat ved slike situasjonar i kamp. Då ein med rett posisjon har betre føresetnadar for både duellar, markering og klarering. Mourinho må altså, etter mi meining, kjøre knallhard på slike situasjonar på treningsfeltet, slik at klubben utviklar eit system for forsvar av dødball, og vi i framtida slepp å sjå forferdeleg dødballforsvar resultere i mål mot.

2. Ineffektivitet.

Det herskar liten tvil om at det er vanskeleg å vinne fotballkampar dersom ein ikkje scorar mål. I år synes eg ikkje Real Madrid har vore gode nok på akkurat det, og det er kanskje grunnen til at vi har gjenge på så mange poengtap som vi har gjort. Statistikken underbyggjer denne påstanden, då vi har skåra heile 17 mål mindre enn i La Liga i år (39) enn på denne tida i fjor (56). Grunnen til denne mangelen på mål kjem definitivt ikkje av mangel på sjansar, dei kvitkledde har hatt desidert flest skot mot mål i ligaen, heile 315 forsøk. Dette er så mykje som 96 forsøk fleir enn Barcelona, som til samanlikning har scora 15 mål fleir. Skot på mål-ratioen er heller ikkje så mykje å skryte av; berre 135 av 315 skot har gått innafor stengene, noko som vil sei at heile 58 % av dei skota som vert send av stad i retning mål gjeng utafor. Ein viktig faktor som dreg denne statistikken ned, er svak scoringsform for dei to fremst i køen på spissplassane, Benzema og Higuain. Til saman har dei to stått for fattige ti mål i ligasamanheng (Benzema har vel og merke flest assist i klubben, med sine 5 i ligaen, noko som sjølvsagt veg må takas med i vurderinga), og dermed fell mykje av ansvaret for å score mål på ein mykje omtalt portugisar. Cristiano Ronaldo har frå sin vingposisjon scora 14 ligamål, og 23 mål totalt, noko som berre er eit mindre enn på same tid i fjor. At Ronaldo scorar mykje er sjølvsagt berre positivt, problemet er bare at han er den einaste som scorar, med relativt jamne mellomrom, derfor kan ein på eit vis sei at Real Madrids resultat avhenger av Ronaldo sin scoringsform, noko som igjen fører til at Ronaldo får utruleg mykje press på seg, som ikkje nødvendigvis bare er positivt.

Eg meiner derfor at Real Madrid treng ein spiss som scorar meir mål, anten det inneber å få Benzema eller Pipita tilbake i scoringsform, eller hente inn utanfrå. Kva Mourinho gjer med dette problemet kan ein sjølvsagt berre spekulere i, men eg håpar og trur at det resulterer i fleire mål.

Trur du formen snart snur?

Pmn6