Real Madrid 3-0 Inter Milan

Dei kongekvite frå Madrid fekk lite motstand i 3 - 0 seieren mot Inter Milan.

Oppkjøringskamp
Lørdag 10. august, 2013
Edward Jones Dome, Saint Louis
Real Madrid 3 - 0 Inter Milan

1-0 Kaká 10'
2-0 Cristiano Ronaldo 38'
3-0 Ricky Álvarez sm 67'

Ti minutter etter antatt kampstart entret Real Madrid gressmatta til sin siste oppkjøringskamp anført av ein blond Sergio Ramos. På motsatt banehalvdel stod tildlegare Real Madrid-spelar Esteban Cambiasso med kapteinsbindet for Milano-klubben.

Første omgang

Dei første minutta var rolige, der Real Madrid trilla mykje ball, men skapte berre halvsjanser. Brått eksploderte det etter 9 minutt, Cristiano Ronaldo ropte på straffe etter å ha gått i bakken etter eit hjørnespark - men dommaren vinka spelet videre. Real Madrid vant ballen raskt tilbake, og Ángel Di María fant Kaká i boksen som sendte Handanovic i Inter-buret ut i full strekk før han sjølv fekk hodet på returen og sendte ballen i nettet. Då stod det 1-0 til Real Madrid, og Real Madrid tok full kontroll over kampen. Til tross for høg ballbesittelse skapte ikkje Real Madrid særleg store sjanser, men nokre minuttar seinare fant Modrić rom på kanten og sendte ballen inn til Ronaldo som fekk fyrt av eit skudd. Skuddet blei blokkert, og Real Madrid-vingen ropte atter ein gong for straffespark, men dommaren var ikkje enig i at skuddet traff handa til Inter-forsvararen.

Så gjekk kampen inn i ein periode med svært dårlig tempo, der Real Madrid koste seg med ballen på eigen banehalvdel. Men ein svært god Casemiro synst det blei for mykje trilling, og bestemte seg for å sette fart før han chippa ballen elegant over Inter-forsvaret til Morata som dessverre sendte ballen himmelhøgt over mål.

Casemiro bemerka seg nok ein gong positivt etter 37 minutt då han sendte ballen gjennom til Cristiano Ronaldo, portugisaren gjorde ingenting galt åleine mot Handanovic og sett ballen vakkert i hjørnet på direkten. Real Madrid fortsatte den totale dominansen dei siste minutta av omgangen - og fortsatte den imponerande innsatsen under Carlo Ancelotti.

Andre omgang

I pausen valgte Carlo Ancelotti å sende inn Jesé, Khedira og Pepe for Arbeloa, Ronaldo og Modrić. Det tok ikkje mange sekunda før yndlingen Jesé presenterte seg for publikum då han spelte vegg med Carvajal etter 40 sekunder og sendte den rett i metallet. Real Madrid fortsatte å trille ball, men Inter Milan var farlegare enn i første omgang. Etter 57 minutt fekk Palacio ein kjempesjanse for Inter, men sendte ballen over mål. 5 minutt seinare var Inter farlege igjen då Álvarez sendte i vei eit langskudd som Diego López redda fint.

Etter 67 minutt fekk Real Madrid hjørnespark frå høgre som Di María sendte hardt inn boksen der keeper feilberegna ballbana og bomma på ballen før ballen gjekk via Ricky Álvarez og i mål, til tross for at Casemiro prøvde å feire til seg scoringa. Men Inter fortsatte å skape sjanser og vart berre stoppa av kjemperedning av Lopez. Ricky Alvarez dro seg forbi Carvajal før han avsluttet lavt alene med Diego López som svarte med ein svært god beinparade. Etter dette sank tempoet i kampen og kvaliteten på det som foregjekk på bana var ikkje særleg høg. Dette som følgje av fleire bytter frå begge lag, der fleire unggutter slapp til, og når dommaren blåste av kampen spelte heile 5 av 11 Real Madrid-spelarar for Castilla forrige sesong.

Real Madrid avslutta pre-season med ei overbevisande forestilling mot eit tamt Inter Milan, og fleire spelarar viste seg fram positivt. Spesielt Diego López, Casemiro, Di María og Kaká spelte ein god kamp.

Spelarvurderingar er tilbake frå og med sesongstart!

Kva synst dykk om kampen? Kan Diego López utfordre Iker Casillas om keeperplassen?

Pmn6