Real Madrid 5-0 Al Sadd

El Rey vendte tilbake tilbake til Santiago Bernabéu i ein hyllest ein konge verdig.

Trofeo Bernabéu
Torsdag 22. august, 2013
Santiago Bernabéu, Madrid
Real Madrid 5-0 Al Sadd

1-0 Raúl 23’
2-0 Isco 59’
3-0 Karim Benzema 79’
4-0 Jesé 82’
5-0 Jesé 88’

Alle trofea til Raúl stod til utvisning på den grønne gressmatta, stadion var fullsatt, publikum var i ekstase. Det skulle skje. Raúl skulle gå ut på Santiago Bernabéu i den kvite drakta med nummer 7 på ryggen, be til høgare makter før han kysser gressmatta. Alt dette for ein aller siste gong. Laga entra bana, men ein mann stod igjen i tunellen, ein mann skulle mota hyllesten frå eit kokande Bernabéu. Raúl kom ut av tunellen, hyllesten var massiv, stemninga var minst like masssiv. Alt var riktig, alt var ein legende verdig. Iker Casillas møtte Raúl og ga han kapteinsbindet, stadion koker endå meir. Hans majestet, kong Juan Carlos av Spania er tilstede. Alt er klart. Ein legende, kanksje den største, skal spele sine siste 45 minutt for Los Blanos.

1.omgang

Kampen starta med at Real Madrid trilla ball, men det tok ikkje mange sekunda før Raul va på ballen og stadion braut ut i jubel. Real Madrid var veldig nære å skape sjansar dei første minutta, og det var spesielt to som virka meir motivert enn dei andre på bana, Raúl og den Arsenal-linka di María, som nok ville vise at han fortjener ein sjanse i klubben. di María hadde fleire gode løp langs høgresida, og kom til fleire gode innlegg i byrjinga av kampen. Men det vart aldri dei heilt store sjansane for Los Blancos. Real Madrid var tolmodige og trilla mykje ball dei første minutta, og hadde full kontroll på kampen. Al Sadd jobba godt i forsvar og gjorde det svært vanskeleg for Real Madrid å skape sjansar i ein lengre periode av første omgang. Men etter 15 min klarte di Maria å trenge gjennom det kompakte forsvaret til Al Sadd og fyrte av eit hardt skudd som keeper Saqr måtte gi retur på, og der var Raúl på returen, men vinkelen vart dessverre for spiss og skuddet gjekk i nettveggen.

Etter 23 minutt var di Maria frampå igjen, han kom seg til sekstenmeteren og kippa ballen gjennom til ein umarkert Raúl som var åleine med keeper. Han gjorde ingenting galt og satt ballen elegant i mål. Då var det eit faktum, ein tydeleg prega Raúl hadde scora sitt siste mål på Santiago Bernabéu som eksploderte ut i jubelrus. Raúl svarte med ein nesten like stor jubel, der han sprang mot fansen med armane i været og serverte oss den klassiske feiringa hans. Det var eit rørande øyeblikk, både for supportarar og hovudpersonen sjølv. 1-0 til Real Madrid.

Etter 25 minutt fekk Real Madrid og Raúl ein stor moglegheit til å gå opp i 2-0. Kaká kom seg fri ved dødlinja og slo ballen tilbake mot sekstenmeteren langs bakken, der stod Raúl umarkert og venta, han sikta mot det venstre krysset, og fyrte av, men ballen sneia krysstanga. Ein svært stor sjanse for Los Blancos. Dei resterande 20 minutta var rolege på bana, dei fleste av høgdepunkta skjedde på tribunen der fansen bytta på å hylle dei to legendene Iker Casillas og Raúl. Då dommaren ga pausesignalet reiste Santiago Bernabéu-fansen seg for Raúl, som først gjekk bort til Casillas for å gi han kapteinsbindet. Lydnivået steig litt til. Etter ein klem og nokre gode ord med Casillas gjekk han videre til Ronaldo, dei bytta drakt med kvarandre. Noko publikum likte og lydnivået nærma seg toppen då laga gjekk inn i garderobane etter ein magisk omgang for Bernabéu publikumet.

2. omgang

Carlo Ancelotti tok fleire bytter i pausen, og det var nesten eit heilt anna Real Madrid lag so kom ut etter pause. Raúl skulle spele den 2. omgangen for Al Sadd, og inn kom Karim Benzema. Dei andre som kom inn i pausen var Lopez, Morata, David Mateos, Isco, Jesé, Dani Carvajal, Mesut Özil og Pepe. Ut gjekk Sergio Ramos, Kaká, Cristiano Ronaldo, Marcelo, Arbeloa, Mordric, Casillas og di María.

Allrede etter 52 minutt hadde Madrid ein stor sjanse, det var eit flott angrep med lekre kombinasjonar før Benzema fekk ballen like utenfor boksen. Skuddet gjekk like utenfor. Dommaren ga utspark til Al Sadd, men reprisen viste at det eigentleg var ei svært god reding av Saqr i Al Sadd-buret. Al Sadd var meir med i byrjinga av andre omgang enn dei var dei første 45 minutta, men det vart aldri noko meir enn halvsjanser for Raúls Al Sadd. Real Madrid dominerte banespelet også i andre omgang. Etter 55 minutt var det 71-29 i ballinnehav. Madrid skapte ikkje så mange store sjanser i denne perioden, det vart berre nesten for Los Blancos framfor mål.

Etter 59 minutt skulle ein ny publikumsfavoritt lage 2-0, Dani Carvajal la eit godt innlegg frå høgresida, og i boksen hang Isco i lufta og nikket ballen i mål, akkurat som mot Real Betis søndag. 3-0 til Real Madrid. Etter dette sank tempoet i kampen, og Real madrid kontrollerte alt på gressmatta på Bernabéu. Etter 77 minutt kom Carvajal langs høgresida som på målet, men denne gongen gjekk han innover og blei felt, dommaren valgte å blåse straffespark, noko Al Sadd spelarane ikkje var særleg fornøyd med. Reprisane viste ingen klare bilete om han var innanfor feltet eller ikkje, men straffespark blei det altså. Karim Benzema gjekk sjølvsikkert fram mot krittmerket, tilløpet til den utskjelte franskmannen var minst like sjølvsikkert då han nærmast gjekk mot ballen og tuppa den i mål. 3-0 til dei heilkvite.

Like etter målet til Benzema kom Real Madrid framover på bana igjen, ballen endte til slutt hos Jesé på kanten av sekstemeteren, og unggutten sendte i veg ei god avslutning i hjørnet, men det spørs om ein betre keeper enn Al Sadds målvakt hadde tatt det skuddet frå Jesé. 4-0 etter 82 minutt. I det 88. minutt satt same mann inn 5-0 då han arrogant gjekk ballen i mål etter ein retur frå ein uheldig Morata, som hadde fleire gode sjanser som han ikkje fekk i nettet.

Dommaren blåste av kampen på sekundet i ein fantastisk kamp, der høgdepunkta var mange i ein kamp verdig Raúl González Blanco. Eit godt Real Madrid vant enkelt 5-0, men kampen vil nok bli spesielt huska for målet til Raúl denne magiske kvelden. Det siste målet for Real Madrid av ein ekte legende. Hyllesten av Raúl vart på alle måter vellykka, og ein kveld verken supporterane eller Raúl vil gløyme.

Er dykk fornøyd med kampen?

Pmn6