Granada 0-1 Real Madrid

Real Madrid gjorde akkurat nok til å ta alle poenga i sesongens første bortekamp.

Granda 0-1 Real Madrid
Mandag 26.08.13, 21:00
Estadio Nuevo Los Cármenes
La Liga runde 2

0-1 Karim Benzema 10'

Eit Real Madrid, med ei særs offensiv lagoppstilling, imponerte ingen i 0-1 seieren borte mot Granada. Til tross for namn som Cristiano Ronaldo, Mesut Özil, Di María, Isco,Modric og Benzema på bana frå start klarte Real Madrid noko overraskande og berre finne nettmaskene ein gong mandag kveld. Los Blancos,anført av Sergio Ramos som kaptein, med få defensive fibre måtte kjempe med nebb og blør for å sikre seg seieren foran 17 000 tilskodarar på Estadio Nuevo Los Cármenes.

1. omgang

Om lag ein time før kampstart kom beskjeden gjennom diverse medier at Iker Casillas var tilbake mellom stengene mot Granada, men snaue 10 minutt seinere kom kontrabeskjeden - Diego López skulle starte kampen. Då var det i gang. Massemedia kokte. San Iker var igjen henvist til benken av Ancelotti. Produsenten av tv-sendinga hadde også denne kvelden ein mann på benken å fokusere på.

Dei første 20 minutta var Real Madrids beste periode gjennom heile kampen, og hovedstadslaget kontrollerte alt på gressmatta. Allerede etter 4 minutt sendte ein svært god Di María ballen gjennom eit kompakt Granada-forsvar til Benzema, men vinkelen blei for skrå for franskmannen og skuddet gjekk i nettveggen. Om lag 6 minutt seinare var Di María i gong igjen og sendte atter ein gong ein god ball over forsvaret til Granada og til Ronaldo, men Real Madrids nummer sju fekk aldri kontroll på ballen, då kom Benzema og fanga den lause ballen og sette den i nettet. 1-0 til Real Madrid og Karim Benzema etter 10 minutt.

Fem minutt seinare fekk Di Maria frispark på Granadas banehalvdel, argentinaren tok frisparket raskt, og sentra ballen lekkert gjennom til Mesut Özil, som minst like lekkert chippa ballen over Granadas keeper Roberto og i mål. Etter nokre få sekunder med feiring forstod Real Madrid spelarane at dommaren hadde blåst av spelet, dommer Estrada Fernández signaliserte at ballen var i bevegelse då Di María tok frisparket. Noko også reprisane viste var riktig. Los Blancos fortsatte å kjøre dei neste minutta etter den annullerte scoringa med si ultraoffensive oppstilling, men skapte aldri dei heilt store sjansane.

Etter kvart blei prestasjonen til Real Madrid berre svakare, og dei siste 25 minutta av førsteomgang var prega lite bevegelser og at det ikkje gjekk på skinner offensivt for dei heilkvite. Men Madrid hadde god kontroll på kampen til tross for svake prestasjoner på den siste tredjedelen av bana, og då dommaren ga pausesignalet stod det fortsatt 0-1 til Real Madrid på måltavla.

2. omgang

Carlo Ancelotti sendte ut det same mannskapet til andreomgang, og gjekk like offensivt ut etter pause, men det mangla dessverre fortsatt litt på presisjonen i Real Madrid laget. Den første store målsjansen til Madrid kom etter eit hjørnespark etter 53 minutt då Sergio Ramos steig til værs og heada ballen mot mål. Benzema som låg på bakerste stolpe fekk nesten ei tå på ballen, som var nok til at Granadas keeper måtte gi retur, men Karim Benzema var ikkje våken og Roberto kunnne fange den lause ballen. Kampen fortsatte i same rytme som førstomgang, og det var absolutt ikkje noko fyrverkeri av ein fotballkamp me var vitne til denne kvelden.Granada var farlegare då dei kom framover i andreomgang, men heller ikkje dei skapte dei heilt store sjansane. I det 62. minutt fekk me eit lite høgdepunkt då Isco finta seg forbi Granada-forsvaret på venstrekanten, og klinka ballen i stanga. Ttspark til Granada. Sjølv om reprisane viste at det faktisk var ei svært god redning av Granada sin målvakt.

Etter 85 spelte minutt følte både Granada spelarane og tilskodarane på tribunen seg snytt for straffe då innbytter Casemiro felte Buonanotte innanfor sekstenmeteren, men dommer Estrada vinka spelet videre til tross for store protester. Reprisen viste at Granada spelarane nok hadde god grunn til protestene då det tydeleg var kontakt mellom Casemiro og Buonanotte idet han storma mot mål.

Cristiano Ronaldo skapte nokre gode sjanser på slutten, men klarte aldri å sende ballen forbi Roberto, som stod ein god kamp mellom stengene for Granada, og kampen endte 0-1 til eit lite imponerande Real Madrid.

Kva endringar vil dykk sjå før Real Madrids neste kamp?

Pmn6