Atlético 0-2 Real Madrid

Real Madrid hadde god kontroll mot byrivalen i 0-2-sigeren tysdag kveld, og sikra dermed cupfinale-biletten.

Atlético 0-2 Real Madrid
Estadio Vicente Calderón
Tysdag, 11. februar 2014, 21.00
Copa del Rey, semifinale
C More Fotball

0-1 Cristiano Ronaldo 7’
0-2 Cristiano Ronaldo 17’

Real Madrid hadde eit trygt utgangspunkt før returkampen mot Atlético i Copa del Rey-semifinalen, og leda solide 3-0 samanlagt før oppgjeret på Vicente Caldereón.

Straffe-bonanza

Los Blancos tok tidleg kontroll mot eit Atlético-lag med profilar som Diego Costa, Tiago, Filipe Luis, David Villa og Thibaut Courtois utilgjengelege. Allereie etter knappe fem minutt vann Real Madrid ballen på Atlético sin banehalvdel. Isco, som endeleg fekk moglegheiten frå start for dei heilkvite, slo ein god ball gjennom til Cristiano Ronaldo. Portugisaren kom seg forbi Atlético-forsvaret og inn i straffefeltet, men supervingen vart hekta av heimelagets unge høgreback Manquillo og gjekk i bakken. Dommar Undiano Mallenco peikte på krittmerket. Straffespark til Real Madrid. Cristiano Ronaldo ville sjølvsagt ta straffesparket sjølv, og like sjølvsagt sette han ballen knallhardt forbi ein sjanselaus Aranzubia. 0-1 til Real Madrid, og semfinalen var så godt som avgjort etter at Real Madrid også sikra seg eit bortemål og leda 4-0 samanlagt.

Etter tolv minutt prøvde Atlético å svare på det tidlege målet til Real Madrid, Raul Garia kom seg fri i skotposisjon og lada skotfoten. Ballen suste forbi ein utspelt Iker Casillas i Real Madrid-buret, men ballen trefte stolpen bak den spanske målvakta. Framleis 0-1 til gjestene.

Etter kvarteret kom bortelaget framover på bana igjen, denne gongen var det Gareth Bale som fekk med seg ballen inn i sekstenmeteren før han vart sendt i bakken etter ei takling frå Insua. Cristiano Ronaldo var like trygg som ved det første straffesparket og sette ballen i det høgre hjørnet til rutinerte Aranzubia. 0-2, og 0-5 samanlagt til Los Blancos.

God kontroll

Atlético kom gradvis meir inn i kampen, men det var bortelaget som trilla ball, og vertane makta aldri å skape det heilt stor før Mallenco kom med pausesignalet etter ein tilsynelatande stygg nakkeskade på Atléticos Manquillo, men dei første rapportane tyder på at ungguten slapp billeg frå duellen med Cristiano Ronaldo. Sistnemnte fekk på si side kasta ein lighter i hovudet frå tribuenen på veg inn i garderoben etter ein stadig meir amper første omgang.

Etter pause var Atlétio framleis med i oppgjeret, men dei store sjansane uteble også i andre omgang. Real Madrid kom også til nokre få halvsjansar, først med Gareth Bale på frispark, men Aranzubia hadde full kontroll og fekk slått ballen til hjørnespark. Cristiano Ronaldo fekk nokre minutt seinare tatt ballen ned i feltet, men vinkelen vart for skrå og avslutninga gjekk rett i brystkassa til Atléticos målvakt.

Det heile enda 0-2 til gjestene, som dermed sikra seg Copa del Rey-finale mot anten Barcelona eller Real Sociedad, kven av dei det blir får ein svaret på i morgon.

Pmn6