Opererast i Tyskland

Real Madrid har bekrefta at Jesé Rodriguez blir operert i Augsburg etter kneskaden han pådrog seg mot Schalke tysdag.

21-åringen måtte berast av bana i opningsminutta av tysdagens Champions League-siger mot Schalke. Onsdag satt den unge spanjolen seg på flyet til Tyskland, der han sannsynlegvis vil bli operert torsdag.

Jesé Rodriguez har totalskada korsbandet i det høgre kneet, dette kunne Real Madrid bekrefte på sine heimesider onsdag.

Utgreiinga av skaden og sjølve operasjonen vil bli utført av den tyske legen Ulrich Boenisch. Med seg frå Spania har spanjolen med seg Real Madrid sine eigne legar Jesus Olmo og Francisco Morate.

Jesé Rodriguez er forventa å vere tilbake i august, og går dermed også glipp av Los Blancos' sesongoppkjøring.

OPPDATERING: Jesé skal no vere operert, og operasjonen skal vere vellykka.

Pmn6