Usikkerhet rundt Cristiano

Real Madrid ventar framleis på gode nyheiter om Cristiano Ronaldo.

Dei heilkvite frå Madrid ventar framleis på gode nyheiter om Cristiano Ronaldo. For augneblinken ser det ut som at portugisaren ikkje vil vere klar til helgas møte med Almería på Bernabéu. Det einaste målet no er å få supervingen klart til cupfinalen mot Barcelona, som no berre er seks dagar unna.

Cristiano Ronaldo var til kontroll av kneet onsdag, og skaden skal ikkje vere forverra, men hovudpersonen sjølv skal vere bekymra. Portugisaren slit med smerter, og føler sjølv han ikkje kan spele i den tilstanden har er i per dags dato.

Før tysdagens kamp mot Dortmund vart det bestemt at den portugisiske Gullball-vinnaren ikkje kunne spele, heller ikkje eit innhopp skal ha vore aktuelt. Noko som forklarar kvifor det ikkje såg ut som om det var under vurdering å sende vingen i oppvarming, til tross for at Los Blancos låg under 2-0 til pause.

Spelaren, trenarane og resten av klubben skal vere svært bekymra over Cristiano Ronaldos plagar i kneet, og det alle håpar på er at verdas beste fotballspelar skal vere tilbake til kampen mot Barcelona, men om portugisaren vil vere tilbake i optimal form er usikkert.

Pmn6