Real Madrid 5-1 Rayo

Det vart til slutt komfortabelt for Real Madrid mot byrivalen på Santiago Bernabéu.

Real Madrid 5-1 Rayo Vallecano
Santiago Bernabéu
La Liga, 11. runde
Laurdag 08.11.2014, kl. 20.00

1-0 Gareth Bale 9’
2-0 Sergio Ramos 40’
2-1 Alberto Bueno 44’
3-1 Toni Kroos 55’
4-1 Karim Benzema 58’
5-1 Cristiano Ronaldo 83’

Gareth Bale, Sergio Ramos, Toni Kroos, Karim Benzema og Cristiano Ronaldo stod for måla då Real Madrid til slutt vann mot Rayo Vallecano i ein spelemesseg svak kamp av vertane.

Gareth Bale tilbake

Carlo Ancelotti hadde endeleg Gareth Bale tilbake i startellevaren. Italienaren gjorde fleire endringar frå laget ein har fått for vane å sjå dei siste vekene. Ut for Gareth Bale gjekk publikumsfavoritten Isco, Nacho erstatta Arbeloa på høgreback, medan Dani Carvajal framleis er ute med skade. I mål erstatta Keylor Navas Iker Casillas.

Det tok ikkje lang tid før Gareth Bale minna Santiago Bernabéu-publikummet om at også han kan spele fotball og finn vegen til nettet. James Rodriguez snappa opp ballen på Rayos banehalvdel før han sendte ballen vidare til Cristiano Ronaldo, som tok med seg Toni Kross på kanten. Tyskaren serverte Gareth Bale framfor mål med ei nydeleg pasning, og walisaren gjorde ingenting galt då han sklei ballen inn i nettet bak Cristian Alvarez. 1-0 til Los Blancos.

Real Madrid var derimot ikkje like dominerande som ein har sett på Santiago Bernabéu dei siste kampane, og både pasningar og avslutningar var slurvete. Det næmaste Los Blancos kom scoring var då James Rodriguez tvinga Cristian Alvarez til å gjere ei god redning, og på det påfølgande hjørnesparket nikka Karim Benzema ballen tverrleggar.

Men Real Madrid gjekk til slutt opp i 2-0, sjølv om det var Rayo Vallecano som såg giftigast ut etter fleire farlege skot og innlegg. James Rodriguez slo hjørnesparket som Pepe aldri fekk hovudet på, men bak han kom Sergio Ramos og elegant sette ballen i nettet. Det var spanjolen, og dagens kaptein, si 50. scoring for hovudstadsklubben.

Gjestane frå Vallecas-bydelen fekk til slutt ei redusering etter eit svakt tilbakespel frå James Rodriguez, som Rayo fekk kontroll over, og det var til slutt Alberto Bueno som fekk ballen i netter med eit strødd Real Madrid-forsvar rundt seg. 2-1 til pause på Santiago Bernabéu i ein omgang med høgt tempo og dårleg presisjon frå både vertar og gjestar.

Endeleg Kroos-scoring

Rayo starta andre omgangen best og la press på Sergio Ramos og resten av Madrid-forsvaret, men det var Luka Modric og Real Madrid som kom til den første sjansen i den andre omgangen, men skotet gjekk like utanfor. Like etter hadde gjestane ballen i nettet etter at Baptistao hadde ei lita tå på feil side.

Då tok det ikkje mange sekunda før Real Madrid var i angrep og Cristiano Ronaldo serverte Toni Kroos som elegant skrudde ballen ned i hjørnet, og dermed si første scoring for hovudstadsklubben.

Real Madrid brukte få minutt på å avgjere kampen då Cristiano Ronaldo fyrte av frå skrått hald, skotet landa rett i beine på ein tydeleg offsideplassert Karim Benzema, men flagget var likevel nede og 4-1 til Real Madrid og den franske spissen. Det var franskmannens 110. scoring for dei heilkvite.

Keylor Navas, som laurdag stod sin tredje kamp i Real Madrid-drakt, hadde eit nervøst augeblikk like etter då han bomma totalt i feltet, men ballen spratt like utanfor stolpen og det tomme nettet.

I andre enden av bana var Bale nære ved å bli tomålscorar då han fyrte av på halvvolley, men Alvarez fekk meisterleg vipp ballen via tverrleggar og over.

Like meisterleg var ikkje Rayos målvakt då Ctistiano Ronaldo endeleg fekk si scoring, og det kanskje heller været enn portugisarens svake avslutning som slo Alvarez i Rayo-buret då ballen sneik seg gjennom beina til målvakten.

Cristiano Ronaldos scoring sikra Real Madrid ein solid 5-1-siger, eit nokså urettferdig resultat for eit modig og angripande Rayo-lag.

Pmn6