Atlético 4-0 Real Madrid

Storebror var alt anna enn stor laurdag - og vart regelrett knust i den spanske hovudstaden.

Atlético 4-0 Real Madrid
Vicente Calderón
La Liga runde 22
Lørdag 07.02.2015 kl. 16.00
1-0 Tiago 14’
2-0 Saúl Ñíguez 18’
3-0 Antoine Griezmann 67’
4-0 Mario Mandzukic 89’

Real Madrid hadde ingenting å stille opp med mot Diego Simeones mannskap laurdag - Carlo Ancelotti og hans menn vart regelrett reven i fillebetar av Atlético Madrid. Maktbalansen har snudd. Litlebror er ikkje liten lenger. Madrid er ikkje lenger Real Madrids by. 4-0. Vicente Calderón. Tygg litt på den.

Fleire endringar

Cristiano Ronaldo var endeleg tilbake etter suspensjonen i ein kamp mange såg for seg portugisaren ville ta hovudrolla. Portugisaren kom inn for James Rodriguez i startellevaren - etter at colombianaren måtte kaste inn handkleet i oppgjeret mot Sevilla.

Det var ikkje einaste endringa Carlo Ancelotti måtte gjere i et skadeskutt mannskap. Med skikkelsar som Pepe, Sergio Ramos, Luka Modric, og nemnte James Rodriguez ute, byrja det å tynnast i rekkjene til italienaren. Ikkje minst med Marcelo ute med karantene.

Raphael Varane og lite rutinerte Nacho vart kasta til løvene i midtforsvaret, medan skadeplaga Fabio Coentrao måtte erstatte suspenderte Marcelo etter at Real Madrids klagar på det gule kortet ikkje vann fram.

Også vertane gjorde endringar frå sin 3-1-siger mot Eibar førre runde - men for Diego Simeone var det dei rutinerte som kom inn. Juanfran, Mirande, Gabi og Arda Turan var alle tilbake i argentinarens startellevar.

Skuffande start for vertane

Det enda med fest for vertane, men starten var alt anna enn lys. Allereie før det var spelt 10 minutt måtte ein av Simeones store profilar forlate bana. Den fantastiske midtbanespelaren Koke vart tvungen av bana med skada.

Den skuffande starten vart derimot raskt overskygga. Mario Mandzukic la ballen tilbake til Tiago som på direkten fyrte av eit skot mot Iker Casillas. Den duellen gjekk sistnemnte tapande ut av - og det på ein lite flaterande måte. Den spanske keeperlegenda viste alt anna enn storheit då han rota ballen i mål etter ein lite imponerande kombinasjon av manglande mjukheit og koordinasjon. Det viste seg å bli kampens melodi - ein kamp der ingenting fungerte for gjestane. 1-0 etter 14 minutt.

Det tok ikkje mange minutta før Simeones Atlético straffa Los Blancos igjen. Venstreback Guilherme Siqueira kom seg elegant inn i boksen og til dødlinja før han la ballen tilbake til, Kokes erstattar, Saul Niguez som minst like elegant saksesparka ballen forbi ein stilleståande Iker Casillas.

Ancelottis menn var i sjokk - igjen viste Atlético seg umoglege å slå.

Same melodi etter pause

Den andre omgangen starta med noko betre tendensar frå Cristiano Ronaldo og resten av bortelaget, men det rann ut i ingenting for Ancelotti mannskap. Cristiano Ronaldo makta ikkje å stele rampelyset slik mange såg for seg - portugisaren lukkast ikkje med noko som helst i El Derbi Madrileño.

Det var Atlético Madrid som skapte sjansane - medan Los Blancos knapt kom seg i vertanes sekstenmeter. Bortelaget var heldig då både of Griezmann og Mandzukic bomma på store moglegheiter. Men at heimelaget sløste makta ikkje Real Madrid å utnytte - og Atlético fann til slutt vegen til 3-0-målet. Arda Turan slo nydeleg inn til Saul på bakre som stussa ballen inn framfor mål der Griezman kun skli ballen inn i nettet i duellen med Varane. Atlético viste seg som menn - medan Los Blancos framstod som gutar. Heimelaget gjekk sigrande ut av alle duellar.

Total audmjuking

Om audmjukinga av storebror ikkje allereie var nok med 3-0 så bestemte Fernando Torres og Mario Mandzukic seg for å gjere det hakket verre for storklubben. Igjen vart Real Madrid knust i alle duellar og Mario Mandzukic kunne fastsette resultatet til 4-0.

Real Madrid er framleis på tabelltopp medan Atlético for alvor er tilbake i tittelkampen - det store spørsmålet no er om Los Blancos kan kome over slakten på Vicente Calderón.

Pmn6