Extra large skjermbilde 2015 04 05 kl. 19.23.36
NEDERLAG: Real Madrid klarte ikkje å vinne El Clásico.

Barcelona 2-1 Real Madrid

Ein enorm første omgang frå Ancelottis menn var ikkje nok då Suárez avgjorde El Clasico.

Barcelona 2-1 Real Madrid
Camp Nou
La Liga runde 28
Søndag 22.03.2015 kl. 21.00
1-0 J. Mathieu 19’
1-1 Cristiano Ronaldo 31’
2-1 Luis Suárez 56’

Luis Suárez-scoring avgjorde El Clasico på Camp Nou i Barcelonas favør - og 2-1-sigeren førte heimelaget opp 4 poeng framfor Los Blancos.

Intens start

Begge lag gjekk ut av startblokkene i full fart og viste stor vilje til å angripe. Heimelaget kom til eit par småsjansar før Real Madrid viste litt av sine intensjonar i den første omgangen. Karim Benzema tok ned ballen i Barcelonas sekstenmeter, eit par finter og eit nydeleg innlegg seinare smelte Cristiano Ronaldo ballen i tverrleggaren bak ein utspelt Bravo i Barcelona-målet.

Real Madrid tok kontrollen og gjorde Barcelona tydeleg utilpass, men det var likevel heimelaget som først kom på scoringstavla. Lionel Messi svingte inn eit frispark i boksen, som nærmast berre argentinaren kan, først på ballen kom Jeremy Mathieu som sneik seg framfor Sergio Ramos og heada kontant ballen forbi Iker Casillas. 1-0 til heimelaget etter scoring frå den franske midtstopparen.

Los Blancos såg derimot ikkje ut til å miste motet av den grunn og sprang i periodar Barcelona i senk. Kroos, Marcelo og Isco hadde stålkontroll på Lionel Messi, Modric fordelt ballen som kun han kan. Real Madrid skapte farlegheiter på farlegheiter med den kroatiske midtbane-eleganten som regissør.
Brått kom derimot Barcelona til ein stor sjanse, men nesten berre tre meter frå mållinja sendte Neymar ballen i klypene til Iker Casillas. Det betyr overgang for Real Madrid. Sekundar seinare trer Modric ballen gjennom til Karim Benzema som på magisk vis hælflikkar ballen tilbake til Cristiano Ronaldo. Portugisaren sklir inn 1-1-scoringa etter eit nydeleg angrep frå Los Blancos.

Bortelaget var uheldige som ikkje kunne gå til pause med leiinga på Camp Nou. Sjansane var mange - og mange trudde Gareth Bale sendte dei kvitkledde i leiinga etter han sette stussen frå Cristiano Ronaldo i nettet. Men flagget var oppe og portugisaren var nokre centimeter i offside.

Portugisaren viste seg fram igjen ikkje lenge etter og fyrte av frå distanse, men Bravo fekk meisterleg slått raketten frå Cristiano Ronaldo over mål. Dermed stod det 1-1 på måltavla då dommar Lahoz blåste av for halvspelt tid.

Luis Suárez stal showet

Den andre omgangen starta i same tempo som den første og det tok ikkje mange sekunda før Real Madrid atter ein gong var inne i Barcelonas sekstenmeter, men etter kvart vart tempoet for høgt for dei to laga og gule kort byrja å florere på grasmatta i Katalonia.

Spelarar på begge lag vart gradvis slitne etter ein fest av ein første omgang og utskjelte Luis Suárez såg sitt snitt til stele rampelyset. Uruguayanaren avgjorde verdas største fotballkamp etter at han nydeleg tok med seg Dani Alves’ langpasning forbi Pepe og sette ballen i hjørnet forbi ein utspelt Iker Casillas. 2-1 til Barcelona og Suárez’ jubelskrik viste kor mykje dette betydde for den tidlegare Liverpool-spissen.

Real Madrid, som hadde imponert i nesten 60 minutt, fall saman etter scoringa og Barcelona kom til fleire enorme sjansar då Messi endeleg vart gitt rom av slitne kvitkledde spelarar. Men Iker Casillas hindra fleire baklengs.

Då heller ikkje Bravo var interessert i å sleppe inn fleire scoringar, og på meisterleg vis slo til hjørnespark etter at Benzemas skot gjekk via Piqué, vart det ikkje fleire scoringar i oppgjeret.

Dermed enda det 2-1 til Barcelona i gigantoppgjeret og auka då leiinga si i La Liga til fire poeng - om det blir for mykje for Carlo Ancelotti og Los Blancos gjenstår å sjå.

Pmn6