Extra large satellite  5

Real Madrid 3-1 Malaga

Real Madrid tok det som kan vise seg å bli tre svært dyre poeng i innspurten av sesongen.

Real Madrid 3-1 Malaga
Estadio Santiago Bernabéu
La Liga 32. Runde
Lørdag 18.04.2015 kl. 20.00

1-0   Sergio Ramos 24’
2-0 James Rodriguez 69’
2-1 Juanmi  71’
3-1 Cristiano Ronaldo 90’

Carlo Ancelotti og Real Madrid hadde nok håpa å få det enklare mot Malaga enn det til slutt vart i lørdagens oppgjer - men Los Blancos måtte kjempe for poenga før onsdagens returoppgjer mot Atletico i Champions League. Men Malaga ga Real Madrid kamp til døra, noko som kosta for heimelaget - både i krefter og skadar. Både Gareth Bale og Luka Modric måtte forlate bana - førstmente berre nokre minutt ut i oppgjeret.

Begivenheiter i kø

Gareth Bale halta av bana, det same gjorde Luka Modric, Cristiano Ronaldo brente straffespark, James Rodrigues med perlemål og til slutt ny milepæl for Cristiano Ronaldo. Det var ikkje mangel på underhaldning i lørdagens kamp i den spanske hovudstaden.

I Ancelottis startellevar var Pepe tilbake i midtforsvaret ved sida av Sergio Ramos -medan Arbeloa erstatta Dani Carvajal frå start. Med Benzema sett ut av spel var Isco tilbake i startellevaren.

Det tok uansett ikkje lang tid før Carlo Ancelotti måtte gjere nye endringar. Gareth Bale gjekk ned for teljing og helde seg til leggen - berre fire minutt var gått då walisaren måtte kaste inn handkleet. Inn kom Javier Hernández - betre kjend som Chicharito.

Men det stansa ikkje Real Madrid som sette Kameni i Malaga på fleire store prøvar. Innbyttar Chicharito var nere ved å stange inn 1-0, men den kamerunske sisteskansen vippe meisterleg ballen over tverrleggaren.

Malagas burvoktar var førsteomgangens store spelar som ikkje bere stansa Chicharito på meisterleg vis - også James vart nekta det som hadde vore eit vakkert mål. Men Serio Ramos si scoring var det lite kamerunaren kunne gjere noko med. Cristiano Ronaldo tok ansvar for frisparket frå venstresida og fann, det som kunne minne om ein offside plassert, Sergio Ramos. Spanjolen gjorde ingenting feil og sette ballen i nettet. 1-0 til vertane.

Malaga også nære

Laget frå Andalucia var derimot nære ved å sette inn 1-1 like etter scoringa til Sergio Ramos og Los Blancos. Samu Garcia fann ein umarkert Sergi Darder i feltet, men midtbanespelaren blåste ballen utanfor.

Andre omgang utspelte seg på same måte som den første - der endå ein tidlegare Tottenham-profil måtte kaste inn handkleet for Los Blancos. Denne gongen var det Luka Modric som halta av bana med tydlege smertar i kneet.

Malaga tok litt over kampen og pressa Real Madrid bakover i bana, men det opna opp for overgangar for hovudstadslaget. Ein Madrid-overgang enda til slutt med at James Rodriguez gjekk i bakken i Malagas sekstenmeter - og dommar peika på straffemerket. Men Crsitiano Ronaldo makta ikkje å omsette straffa til 2-0-scoring og smelte ballen i stolpen bak Kameni.

James-perle

Los Blancos tok igjen over kampen etter portugisarens straffemiss. James Rodriguez i storfrom fann til slutt vegen til nettmaskene bak Kameni. Isco, Cristiano Ronaldo og colombianaren kombinerte nydeleg før James Rodriguez blåste ballen i vinkelen med litt hjelp frå Kamenis fingertuppar. 2-0 og James Rodriguez 14. scoring i sin debutsesong for dei heilkvite - Cristiano Ronaldo sin andre målgivande for kvelden og 2-0 til vertane.

Men det tok ikkje mange minutta før Malaga og Juanmi sjokkerte Los Blancos. Spanjolen stod fullstendig umarkert i feltet og kunne upressa stange ballen forbi ein utspelt Ikker Casillas i Madrid-målet.

Det førte til nokre nervepirrande sluttminutt for Bernabéu-publikummet som frykta at dette var draumen om La Liga-trofeet som kunne ryke.

Men Real Madrid unngjekk baklengs og ein viss portugisar fekk til slutt scoringa si. Chicharito gjorde meir enn halve jobben då han serverte Cristiano Ronaldo på ope mål i tilleggsminutta. No svikta ikkje Ballon d’Or-vinnaren og trilla ballen i mål. 3-1 til Los Blancos.

Dermed scora angriparen sitt 50. mål denne sesongen - noko han gjer i sin femte strake sesong, og Real Madrid pressar framleis Barcelona som ligg to fattige poeng framfor hovudstadslaget.

Ein viktig siger for vertane, men tre poeng som kan vise seg dyre i onsdagens oppgjer mot byrival Atletico - då laget kan måtte klare seg utan både Karim Benzema, Gareth Bale og Luka Modric.

Spelarvurderingar

Iker Casillas (6) - Stort sett solid gjennom store delar av kampen, men blir kanskje litt passiv på scoringa til Malaga og havnar på feil fot og headinga til Juanmi snik seg inn - nesten midt i mål.

Arbeloa (6) - Solid kamp av spanjolen. Ingen store problem defensivt - og kjem på nokre friske løp langs høgrekanten.

Pepe (6) - Har god kontroll fram til scoringa, men glipp der totalt i markering og Juanmi får heilt upressa stange inn reduseringa.

Sergio Ramos (7) - Solid gjennomført av Sergio Ramos, har nokre situasjonar der han blir litt for ivrig, men klarar seg jamt over bra.

Marcelo (6) - Som alltid frisk langs venstrekanten, men manglar i kveldens kamp litt for mykje på den siste tredjedelen. Gjer det ofte litt for vanskeleg for både seg sjølv og medspelarar. Rotar i tillegg vekk ballen på scoringa - sjølv om det kan diskuterast om han skulle hatt frispark.

Toni Kroos (7) - Tyskaren har god kontroll på midtbana - og vender spelet ved fleire anledningar svært elegant.

Luka Modric (7) - Er som alltid det enormt viktig bindeleddet mellom midtbana og angrep, og vil bli eit stort sakn for Los Blancos i onsdagens kvartfinale.

James Rodriguez (8 BB) - Colombianaren er utan tvil banas gigant denne kampen. Alt magikaren gjer resulterar i farlegheiter. Er nære scoring ved fleire anledningar og noterar seg for eit vakkert mål.

Isco (7) - I periodar svært frisk, men har også syne usynlege periodar. Ikkje like dominant som tidlegare denne sesongen.

Cristiano Ronaldo (7) - Ny god kamp av portugisaren. Involvert i mykje. Har to målgivande og får til slutt scoringa si. Uheldig som smell straffesparket i stolpen.

Gareth Bale (-) - Får dessverre berre fire minutt på bana før han må gi seg.

Chicharito (6) - Klarar seg godt då han kjem inn for Bale. Nære scoring i først omgang og har ein nydeleg målgivande til Cristiano Ronaldo like før slutt.

Illarramendi (6) - Kjem inn for den skada Luka Modric og balanserar midtbana godt den tida han er på bana. Tar dei trygge vala og er solid.

Dani Carvajal (5) - Får lite tid til å markere seg, men kjem på nokre få friske løp langs sida si.

Pmn6