Extra large 11210473 10150835353174953 7407032280130691902 n
ENORM: Cristiano Ronaldo senka på eigehand Sevilla lørdag kveld.

Sevilla 2-3 Real Madrid

Cristiano Ronaldo senka Sevilla i ein høgdramatisk affære laurdag kveld.

Sevilla 2-3 Real Madrid
Estadio Ramón Sánchez-Pizjuán
La Liga runde 35
Lørdag 02-05.2015 kl. 20.00

0-1 Cristiano Ronaldo 36’
0-2 Cristiano Ronaldo 37’
1-2 Carlos Bacca 47’
1-3 Cristiano Ronaldo 68’
2-3 Vicente Iborra 79’

Cristiano Ronaldo noterte seg for sitt 25. La Liga-hattrick då portugisaren og Los Blancos påførte Sevilla sitt første tap på mektige Ramón Sánchez-Pizjuán på 13 månader.

Kun siger godt nok

Real Madrid måtte svare på Barcelonas maktdemonstrasjon i 8-0-sigeren borte mot Cordoba tidlegare på dagen. Medan Sevilla måtte svare på eit Valencia-lag som snik seg opp i ryggen på laget frå Andalucia i kampen om den siste Champions League-plassen. For Los Blancos ville drømmen om å ta igjen Barcelona på toppen av tabellen i realiteten bli knust skulle dei heilkvite tape mot Sevilla.

Det heile vart til slutt ein dramatisk affære, men også starten var hadde sitt å by på. Ingen av laga makta å halde på ballen i særleg lange periodar, og ein fekk fleire halvsjansar frå begge lag. Sevilla var nære ved fleire anledningar og Madrids forsvar hadde store problem med å handtere eit gjennombrotshissig Sevilla-lag.

Heimelaget vart berre hindra av Iker Casillas og ein reddande Raphael Varane på streken i å ta leiinga.

Cristiano, Cristiano og Cristiano

Men det var Los Blancos og Cristiano Ronaldo som scora først. Innlegget frå Isco fann Cristiano Ronaldo som stussa ballen forbi ein utspelt Sergio Rico.

Det var portugisarens 40. mål  i årets La Liga, og var no like langt som Lionel Messi i kampen om Pichichi-trofeet. Det tok derimot ikkje lang tid før Ballon d’Or-vinnaren sneik seg forbi argentinaren på toppscorarlista. Denne gongen fekk han foten på stussen frå Chicharito og gjekk sigrande ut av duellen med Sergio Rico. 2-0 til gjestane frå Madrid og Cristiano Ronalde oppe i sitt 41. La liga-mål.

Men like før pause kløna Sergio Ramos, for kvelden som sentralmidtbane, det til i straffefeltet. Sergio Ramos sendte Aleix Vidal i bakken i ein tilsynelatande ufarleg situasjon. Carlos Bacce gjorde ingen feil frå straffemerket og sendte Casillas feil veg før han sendte ballen i nettet bak spanjolen. Carlo Ancelotti gjekk hovudristande i garderroben over den klønete måten Sergio Ramos og hans mannskap sendte Sevilla tilbake i kampen.

Sevilla storma ut etter pause og pressa Los Blancos bakover, men diverre for vertane utan å skape dei store sjansane, noko som opna opp for at Gareth Bale, som endeleg var tilbake for Los Blancos, kunne slå eit majestetisk innlegg til Cristiano Ronaldo på bakre stolpe. Portugisaren stanga ballen minst like majestetisk i det lengste hjørnet - og hattrick til kveldens store spelar. Hans 25. i La Liga.

Nervepirrande slutt

Andalucia-laget var derimot ikkje interessert i å gi seg utan kamp. Heimelaget helde fram med spele bortelaget låge. I det 79. minutt dansa Aleix Vidal seg forbi Marcelo før han la ballen tilbake til Vicente Iborra som sendte ballen forbi ein stilleståande Iker Casillas. 2-3 etter nydleg Sevilla-spel.

No var presset for alvor på gjestane frå Madrid og Sevilla skapte fleire store sjansar i sluttminutta, men vart hindra av Iker Casillas ,som minna om ei fem år yngre utgåve seg sjølv i sluttminutta.

Dermed kjempa Real Madrid til seg tre poeng frå ein av dei tøffaste oppgjera i årets La Liga og held avstanden opp til, tilsynelatande uslålege, Barcelona. Madrids neste harde kamp i gulljakten er mot Valencia på Santiago Bernabéu. Medan Barcelona må til Vicente Calderón og slå Atlético skal dei halde Real Madrid bak seg - no er det desse to oppgjera som vil bli avgjerande for innspurten i Spania.

Spelarkarakterer

Iker Casillas (9): Har få feil, og er trygg i dei fleste situasjonane han må ut i. Fleire viktige involveringar som gjer opp for inntrykket av at han er litt vel stilleståande på 2-3-scoringa. Enorm i sluttminutta. 

Dani Carvajal (6): Svingar opp og ned i prestasjonane i dagens kamp, og gir i periodar frå seg mykje rom og har trøbbel på sin høgrekant. Men er ofte frisk offensivt og enorm i dei knallharde sluttminutta med fleire viktige taklingar og brytningar.

Raphael Varane (6): Litt rot her og der. Er nær ved å rote det til for Los Blancos i sluttminutta, men rettar meisterlegg opp eige balltap på kanten av sekstenmeteren.

Pepe (8): Enorm i sluttminutta og stangar ut det meste, og har fleire vitale taklingar i eien sekstenmeter. Står fram som eit eksempel og manar til kamp til siste spark på ballen.

Marcelo (5): Har store problem defensivt gjennom heile kampen og gir frå seg mykje rom. Heng heller ikkje med i dei situasjonane Sevilla skrur opp tempoet. 

Toni Kroos (6): Ikkje heilt dei forholda Toni Kroos er glad i. Får lite tid med ball og har fleire skumle tversoverpasningar, men som vanøeg glimtar han til med magi med jamne mellomrom

Sergio Ramos (6): Verkar stadig tryggare i sine "nye" posisjon, går til i duellane og serverar i tillegg fleire nydlege tveroverpasningar. Men rotar det verkeleg til like før pause då han nærmast utilgjiveleg sender Aleix Vidal i bakken i straffefeltet. Litt rot her og der i tillegg til den situasjonen, men renskar likevel unna Sevillas siste moglegheit.

James Rodriguez (6): Ikkje like frisk som i dei føregåande kampane og får lite tid med ball, men glimtar til i enkelte situasjonar.

Isco (6): Heller ikkje Isco får vist fram kvalitetane sine i ein så hard kamp som dette, men meir enn godkjend frå spanjolen.

Chicharito (6): Lite involvert, men den elegante stussen til Cristiano Ronaldo på 2-0-scoringa kjem ein ikkje unna.

Cristiano Ronaldo (10): Det er vel snart ikkje meir å seie om Cristiano Ronaldo (og Lionel Messi). I dag senkar portugisaren Sevillas nesten på eigehand som svar på Messis prestasjon mot Cordoba tidlegare på dagen.

Gareth Bale (7): Endeleg tilbake frå skade og ser ikkje til å vere i topp kampform, men gir alt i alle situasjonar. Nydeleg målgivande til Cristiano Ronaldo få minutt etter innhoppet.

Illarramendi (5): Kjem inn i sluttminutta, til tross for slaken etter oppgjeret mot Almería, og gjer lite ut av seg.

Arbeloa (5): Kjem inn dei siste minutta for å trygge leiinga - også han er knapt synleg.

Pmn6