Extra large  degaard
AUGEBLIKKET: Martin Ødegaard debutarar for Real Madrid som tidenes yngste.

Real Marid 7-3 Getafe

Kvar var du då Martin Ødegaard debuterte på Santiago Bernabéu?

Real Madrid 7-3 Getafe
Santiago Bernabéu
La Liga runde 38
Lørdag 23.05.2015 kl. 20.30

1-0 Cristiano Ronaldo (målgivande Marcelo) 13'
1-1 Sérgio (målgivande Medhi Lacen) 23'
1-2 Diego Castro (målgivande Pedro León) 26'
2-2 Cristiano Ronaldo 32'
3-2 Cristiano Ronaldo (straffespark) 34'
3-3 Medhi Lacen 42'
4-3 Javier Hernández 47'
5-3 James Rodriguez 51'
6-3 Jesé Rodriguez 71'
7-3 Marcelo (målgivande Jesé) 90'

Real Madrids siste kamp for sesongen vart ein innhaldsrik affære. Måla slutta ikkje å dukke opp før det stod 7-3 på tavla. Carlo Ancelotti kan ha leia sin siste kamp som Madrid-sjef. Klubb-legende Iker Casillas kan ha spelt sin siste kamp for barndomsklubben. Cristiano Ronaldo noterte seg for sesongens åttande hat-trick.

Men det nordmenn vil hugse 23. mai 2015 for er at det er datoen 16-årgamle Martin Ødegaard hadde sine første ballberøringer i Real Madrid-drakt på Santiago Bernabéu - som tidens yngste debutant for verdas største fotballklubb.

Ein siste vals?

Etter at Los Blancos matte gi tapt I Champions League-semifinalane mot Juventus har rykta rundt Carlo Ancelotti og Iker Casillas auka i styrke. Det er forventa at italienaren vil få beskjed om å rydde kontoret av Florentino Perez i løpet av dei neste vekene - med Rafael Benitez som det heitaste kandidaten til å ta over sjefstolen på Santiago Bernabéu.

Men også fleire Real Madrid kan ha spelt sin siste kamp for hovudstadsklubben laurdag kveld, med spelarar som Jesé, Illarramedni, Arbeloa og Chicharito i startellevaren - som alle er rykta på veg ut i sommar. Men kanskje det største spørsmålet før overgangsvindauget er om kampen mot Getfae var Iker Casillas’ siste kamp for Los Blancos - då det er ein dårleg gjømt hemmelegheit at David De Gea er ønskja i hovudstadsklubben.

Iker Casillas var tilbake i startellevaren etter at Keylor Navas vokta buret borte mot Espanyol førre runde. Inn kom også Arbeloa og Nacho, Illarramendi, Jesé og Chicharito. På benken var blant anna Isco, Gareth Bale - og Martin Ødegaard.

Portugisisk toppscorar

Getafe, som Madrid, hadde ingenting å spele for på La Ligas siste dag. Det vart likevel nok av underhaldning lørdag kveld - då årets La Liga takka for seg. Vartane starta friskast då Marcelo med eit kunstverk av eit innlegg fann Cristiano Ronaldo i feltet som majestetisk stanga inn 1-0 til Los Blancos - portugisarens 46. mål i årets La Liga.

Los Blancos makta derimot ikkje å utnytte den sterke opninga og gjestane kom seg raskt inn i kampen igjen då Sergio Escudero hamra ballen forbi Iker Casillas frå distanse - igjen var delar av Bernabéu-publikummet lite nøgd med sisteskansens involvering. Like etter rota Real Madrid det igjen til defensivt og Diego Castro kunne curle ballen forbi den spanske keeper-legenda etter alt anna enn imponerande forsvarsspel - og igjen vart misnøya også retta mot den 34-årgamle sisteskansen. 1-2 til i vertanes favør.

Som i Madrids førre heimekamp hagla kritikken mot Iker Casillas, men heldigvis for spanjolen stal Cristiano Ronaldo rampelyset tilbake med eit nydeleg frispark som han skrudde forbi tidlegare Madrid-målvakt Codina.

Deretter tok det ikkje lang tid før Chicharito gjekk ned i straffefeltet og dommaren peika på straffemerket. Cristiano Ronaldo gjorde ingen feil og hamra ballen forbi Codina. 3-2 til vertane - og portugisarens åttande hat-trick denne sesongen og hans 48. La Liga-scoring. Dermed er han årets La Liga-toppscorar - fem mål foran Lionel Messi.

Getafe svarte like etter då Lacen hamra ballen forbi ein utspelt Iker Casillas etter at ingen Madrid-spelarar makta å få ein fot på ballen like foran heimelagets mål. Dermed stod det smått utrulege 3-3 til pause på Santiago Bernabéu.

Etter pause var det derimot Real Madrid som ville styre underhaldninga åleine. Marcelo kom igjen til eit innlegg av ypperste klasse, men denne gongen stanga Cristiano Ronaldo ballen i stolpen. Returen derimot - den klinka Chicharito i nettet. 4-3 til heimelaget og sannsynlegvis mexikanaren siste scoring for dei heilkvite frå Madrid. Like etter var det James sin tur då colombianaren meisterleg nærmast chippa inn eit frispark frå like utanfor sekstenmeter. 5-3. Men dei store hendingane var ikkje over.

Ein første tango

I det 57. minutt skjer dette nordmenn har venta på sidan 22. januar. Martin Ødegaard tar av overdelen og visar fram den krittkvite drakta med "ODEGAARD 41" på ryggen. Samtlege nordmenn reisar seg i spenning - no skulle det endleg skje. Ein nordmann kom til å debutere for verdas største fotballklubb - som sekstenåring. Ut går sjølvaste Crsitiano Ronaldo og inn kjem den unge, smått beskjedne, blonde nordmannen. Portugisaren gir ungguten ein god klem før han set seg på benken og Ødegaard entra den grøne grasmatta på Bernabéu.

Ødegaard, som blir sett på som eit av dei største talenta i fotballverda og som overraska mange med valet av Real Madrid, kom inn som tidens yngste Madrid-debutant med sine 16 år og 157 dagar.

Det tok ikkje lang tid før Madrids nummer 41 byrja å bli trygg på grasmatta og byrja å involvere seg i spelt - ungguten var til og med nære ein målgivande då han serverte Jesé som ikkje makta å sette ballen forbi Codina.

Los Blancos makta å finne nette to gongar også utan Cristiano Ronaldo på bana. Då Jesé og Marcelo fastsette resultatet til 7-3.

Dermed er årets sesong over. Ødegaard fekk sin første tango på Santiago Bernabéu til slutt, medan andre kan ha dansa sin siste vals for den ikoniske klubben frå Madrid.

Spelarkarakterar

Iker Caillas (5): Ikkje overbevisande på nokon av dei tre mål i mot, men inged tydelege feil. Trygg utanom og vartar opp med nokre solide redingar i løpet av kampen - spesielt der han vippar ballen over tverrleggaren på tampen a kampen.

Arbeloa (3): Store problem i den omgangen han spelar - og er ein del av eit svært lite imponerande forsvar som slepp inn 3 mål i løpet av 45 minutt.

Pepe (4): Ingen bunnsolid opptreden av portugisaren før han må ut med skade, er til dømes i ingenmansland på 1-2-scoringa.

Nacho (4): Som resten av forsvaret store problem i den første omgange, men spelar seg opp etterkvart. Rotar litt på dei to første scoringane mot, men utanom desse involveringane har han ingen store og tydelege feil.

Marcelo (8): Enorm offensivt i dagens kamp. Som resten av laget nokså slurvete defensivt, men ein målgivande frå ein annan verden rettar opp inntrykket. Sklir i tillegg inn 7-3 på tampen av kampen. Gir alltid alt.

Toni Kroos (5): Tydeleg at tyskaren har godt av at sesongen er over. Ser utslitt ut og har mykje uvanleg slurv for han å vere.

Illarramendi (5): Heller ingen stor kamp frå spanjolen, som sannsynlegvis kan ha spelt sin siste kamp for Los Blancos. Bidrar med lite i dagens kamp - og det går dessverre litt for treigt med baskaren.

James Rodriguez (8): Ein av Madrids beste denne sesongen - det er han også i kveldens kamp. Involvert i det meste som skjer offensivt - og scorar i tillegg på eit nydeleg frispark.

Jesé (7): Spanjolen er friskare i dag enn på lenge. Involverar seg i spelet og visar ved fleire anledningar sin enorme fysikk og fart. Nydeleg avslutning på scoringa. Meir enn godkjend frå den unge kantspelaren.

Chicharito (7): Ny imponerande opptreden. Gir alt i alle duellar og får til slutt også ei scoring. Skaffar også straffe i første omgang. 

Cristiano Ronaldo (9): Visar kvifor han er årets toppscorar i La Liga og at han har utviklar seg til meir ein spiss enn kantspelar. Har denne sesongen i stadig større grad vore Madrids nummer 9. 48 mål på ein La Liga-sesong er enormt og ny personleg rekord - kun to frå å tangere Messis rekord med 50 ligamål.

Raphael Varane (6): Solid då han kjem inn for Pepe og er den forsvarsspelaren som gir ein best figur defensivt. Trygg i store delar av kampen.

Dani Carvajal (7): Er god i andreomgangen då han kjem inn for Arbeloa - framstår betre både defensivt og offensivt. Godt innhopp.

Martin Ødegaard (6): Ødegaard er solid. Tydeleg nervøs dei første minutta på bana og det tek han litt tid å få si første ballberøring. Men då nervane forsvinn visar kva for eit enormt talent han er. Ønskjer ball og tar initiativ, og blir involevert. Gutten er kanskje 16 år, men han har fotballhovudet til ein 36-åring.

Pmn6