Extra large logo

(Aprilsnarr) Offisielt: Real Madrid Noreg legg om til nynorsk

Endringa trer i kraft med umiddelbar verknad.

I fleire år har me i Real Madrid Noreg hatt eit ynskje om å vere med på å lyfte fram nynorsk gjennom vår heimeside.  Sjølv om nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg, viser tal frå SSB at det aldri har vore færre i grunnskulen som skriv på nynorsk. Dette er ei urovekkande utvikling som me i supporterklubben tek på største alvor.

Les meir om tala frå SSB her: Riksmålsforbundet.no

Å skrive på nynorsk er noko som ikkje er ukjend for oss i Real Madrid Noreg. For berre få år sidan skreiv me artiklar på nynorsk kvar veke, til stor begeistring frå våre lesarar. Særleg var det Aslak Ringhus som leidde an den gongen, og kven kan vel gløyme klassikarar som «Den skjulte angriparen», «Sergio Ramos gjev ut bok», «Openhjartig Ronaldo» og «Ny storm i vassglas»?

Me kjem òg til å fjerne alle innlegg i kommentarfeltet som ikkje blir skrivne på nynorsk. Ettersom dei fleste av våre lesarar allereie føretrekkjer å skrive på nynorsk, og det har tidvis hagla med stygge kommentarar mot dei som har skrivi på bokmål, reknar me med at denne endringa blir omfamna med hugleik og glade hjarter.

Pmn6